Mariann Vestbøstad Marthinsen gjekk til topps i sitskisprinten under verdscupen for funksjonshemma i USA måndag kveld.

Mariann V. Marthinsen var tilbake etter tre dagar med lett feber. 
- Ho tok det litt pent i prologen, men hadde full kontroll i finalen. Det fungerte veldig bra for Mariann i dag, seier ein strålende fornøgd landslagstrener Torbjørn Broks Pettersen til skiforbundet.no.