«Mariann V. Marthinsen ser ut til å ha lagt seg til en fin vane i Nord-Amerika, nemlig å klatre til topps på pallen.»

Det er skiforbundet.no som skriv dette på heimesida si etter at Mariann, i 12 minus og sol,  vann wordcup-sprinten i Canmore i går, etter å ha blitt nummer to i prologen.

– I semifinalen og finalen viste ho at ho hadde full kontroll på feltet, seier trenar Torbjørn Broks Pettersen.

– No er eg både letta og glad, strålar Mariann, som etter kviledag i dag, er klar for 10 km i morgon. Det er siste øving i denne runden.

Fitjarposten ønskjer lykke til.