Lina var planlagt riven, men der er bruk for den.

Då Midtfjellet Vindkraft fekk godkjent bygginga av kraftlina Midtfjellet–Børtveit, sette NVE krav om at SKL Nett sin 66 kV line Årskog–Stord skulle fjernast når den nye lina var sett i drift. Fitjar kommunestyre slutta seg til dette, og bad om at tiltakshavar sanerte lina så snart som råd innan fristen. Nye analysar som SKL Nett har utarbeidd, syner at 66 kV-lina likevel er nødvendig for å halda oppe tilførsletryggleiken til Stord. NVE handsamar no fleire saker i vårt område, og har sendt sakene til høyring i dei kommunane det gjeld.

Direktør i SKL Nett, Asbjørn Tverdal, møtte i kommunestyret og orienterte om saka, og om linenettet i Sunnhordland generelt.

Fitjar kommunestyre er høyringsinstans i saka, og gjorde i dag følgjande samrøystes vedtak:

«Fitjar kommune meiner det er av stor samfunnsinteresse at det er alternativ for straumleveranse til Stord, dersom andre av forsyningslinene fell ut av ulike årsaker.

Fitjar kommune finn det difor naturleg at kraftlina frå Årskog til Stord vert ståande, sjølv om anleggskonsesjon og vedtak i sak KS-32/08 seier noko anna.»

Ingressbilete: Direktør Asbjørn Tverdal orienterer i kommunestyret. Foto: Harald Johan Sandvik