Førstkomande søndag er det igjen klart for den tradisjonsrike Fitjardalten. I år med ny vri.

Både start og mål, innmelding og registrering, skjer i år ved og i  Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Vidare er løypa i år kortare enn før. No berre 6,4 km. I praksis vil det seie at ein startar frå Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, går rundt Vestbøstad og ned Geilo før ein vender attende til Idrettsbygget.

– For dei som skal ta uthald-delen i Idrettsmerkesamanheng, tyder dette at dei i tilllegg til den nemnde turen om Vestbøstad må gå opp til Fitjar Idrettspark og gå tre rundar der, før dei går ned igjen og i mål ved Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, seier Ole Bergesen. Han lokkar elles med kiosksal med betasuppe og meire til i Idrettsbygget.

Viktig fotballkamp
Dagleg leiar i FKIB, Ole Bergesen, kallar vidare førstkomande søndag for supersøndag. I tillegg til at det er dags for Fitjardalten, spelar Fitjar sitt A-lag ein svært viktig kamp mot Fana 2, søndag ettermiddag.

– Dette er den siste heimekampen for sesongen, og for å vere sikker på å unngå nedrykk frå 4. divisjon, bør dei ta poeng i denne kampen, meiner Bergesen, som vonar på publikumsrekord på søndag. I dette får han full støtte av fitjarposten.no sin sportsreporter, Kjetil Rydland. – Dette er ein skjebnekamp. Me rett og slett ha tre poeng i denne kampen for å unngå å rykkje ned, seier han.

Ingressbilete: Frå starten på Fitjardalten i fjor. Arkivfoto: FP/HCH