Etter seks år med «Minnest du songen?» i Fitjar Bedehus, gjer ein i år ein ny vri på programmet.

Også i år vil kjende bedehussongar vere sentralt i programmet. Men denne gongen vert det meir ein konsert enn ein allsongskveld der ein fortel om bakgrunnen til dei einskilde songane.

Opplegget i år har ei form som liknar meir på ”Allsang på grensen”. Lokale songarar syng først ein song sjølv. Deretter får forsamlinga vere med på song nummer to, som vil koma på veggen.

Til slutt vert det ein kort appell, og kollekt til ”Barmhjertighetsbussen”.

Desse aktørane vert med:
Praise Him (+/-), Olav og Elisabeth Oma, Johannes Aadland, Lovise Vestbøstad, ”Tre jenter”, Fitjar Tensing, Ann-Sofie Drønen og Håkon C. Hartvedt.

Programmet finn stad i Fitjar bedehus, søndag 28.9.kl. 16.00