Frå Khanty-Mansijsk i Russland har me fått melding om at Mariann Vestbøstad Marthinsen har teke ein ny VM-bronse.

I dag var det sprinten som stod på programmet i Khanty-Mansijsk i Russland; det er som kjent favorittdistansen til Mariann. Ho fortel i ein epost til Fitjarposten at bronsen ho fekk på 5 km tidlegare i veka smakar betre enn dagens medalje. I dag hadde ho håpt å gjera det litt betre.
– Men kroppen kjentest ikkje særleg pigg ut, armene var blytunge, fortel ho. Derfor er ho letta for at medaljen blei berga.

Ho hadde best tid av alle i prologen, der ho kjempa med seg sjølv for å trykkja på hele vegen frå start til mål. I semifinalen møtte ho sterk motstand, men klarte å komma inn som nr. 2, og var dermed vidare til finalen. Der tok tyskaren Andrea Eskau gullet og russiske Maria Iovleva sølvet.

Mariann fortel vidare at Noreg hadde seks utøvarar til start i dag, og tok 3 medaljar, så det var ein veldig bra dag. I tillegg til Mariann sin bronse tok Trygve Larsen ein 1.-plass og Vegard Dahle ein flott 2.-plass. Så det blir nok feiring med vaflar i den norske leiren i kveld.

Alt i alt seier Mariann seg fornøgd med to bronsemedaljar i dette VM. Nivået er minst like høgt, om ikkje høgare enn i Vancouver i fjor, så ho er veldig glad at ho har hatt ei god utvikling sidan då.

– Men no er denne vintersesongen over, og eg er klar for eit våtare element, skriv Mariann til slutt i mailen til Fitjarposten.