Fitjar IL og toppscorar Thomas V. Waage viste på nytt at dei er i form då dei sopte Rubbestadneset av banen med 5-1 torsdag kveld.

Det hjelpte ikkje mykje at Rubbestadneset hadde heimebane på kunstgraset sitt. Allereie etter fire minutt scora Thomas det første målet for kvelden. Og det skulle bli fleire, Thomas gav seg ikkje før han hadde scora fire mål, og fastsette sluttresutatet til 5-1 for Fitjar.

Måla i kampen kom slik:
0-1 Thomas V. Waage (4 min.) 1-1 (5 min.) 1-2 Thomas V. Waage (25 min) 1-3 Thomas V. Waage (26 min), 1-4 Mats Brakedal (42 min), 1-5 Thomas V. Waage (87 min).

Lagoppstillinga til Fitjar (4-2-3-1):
Aleksander Henriksen (90 min.), Leif André Tangen (90 min.), Nils Ingard Tislevoll (90 min.), Sondre Fykse Lie (75 min.), Bernt-Ove Maraas (90 min.), Helge Træet (90 min.), Torbjørn Korsvik (90 min.), Øyvind Fykse Lie (75 min.), Mats Brakedal (70 min.), Jan Åge Tislevoll (90 min.), Thomas V. Waage (90 min.) Reservar: Frode Malkenes (20 min. inn for Mats Brakedal, Jonas Tislevoll (15 min. inn for Øyvind), André Mini Helland (15 min inn for Sondre).