Fitjar sitt A-lag har vore i Tyssedal i dag og slege Odda 3-1.

Fitjar-trenar Kjell Træet fortel at laget hans har vunne sin andre siger på tre dagar. Onsdag kveld slo dei Solid 3-2 i ein kamp der motstandarne først gjekk opp til 2-0, før Fitjar greidde å snu kampen.

I dag gjekk turen inn til vinterkalde Hardanger og kunstgrasbanen i Tyssedal, der dei møtte Odda. Scoringane kom slik:
34 min. 0-1 Frode Malkenes (assist: Torbjørn), 47 min. 0-2 Jan Åge Tislevoll (assist: Helge Træet), 67 min. 1-2, 86 min 1-3 Lars Fitjar Waage (assist: Jan Åge Tislevoll).

Fitjar stilte med dette laget (4-2-3-1):

Oddgeir Træet (90 min.), Sondre Fyks Lie (79 min.), Martin Vestbøstad (75 min.), Nils Ingard Tislevoll (90 min.), Bernt-Ove Maraas (90 min.), Helge Træet (90 min.), Kjell André Thorland (90 min.), Torbjørn Korsvik (60 min. – inn igjen for Martin), Øyvind Fykse Lie (87 min.), Jan Åge Tislevoll (90 min.), Frode Malkenes (48 min. – inn igjen for Øyvind).

Reservar og speletid: Leif André Tangen (11 min inn for Sondre Fykse Lie), Lars F. Waage (45 min. – inn for TorbjørnKorsvik), Jonas Tislevoll  (45 min – inn for Torbjørn).