Paul Vik gjer comeback i bilsportsirkuset til våren, i verstingklassen saman med Håvard Helland.

Siste gongen Paul var med og kjørte racing, var i 1996, då han køyrde bilcross. No hoppar han opp i den største klassen, i rallycross, der «verstingane» stiller. Han har kjøpt bil av Nils Arve Helland, ein Volvo som Håvard Helland kjørte løp med så seint som i fjor.

Ole Vidar Helland er allereie så smått i gang med å gjera bilen til Paul klar. Han har forsterka festet til fjørene, og vil etter kvart overhala ein motor som Paul kan bruka i Volvoe-en. Men det er berre ein backupmotor som anten Paul eller Håvard kan bruka, dersom ikkje «versting»-motorane deira er i orden.

Paul fortel at han er ute etter ein ny motor, men det er litt vanskeleg. Motoren er nemleg ein ganske stor del av totalkostnaden med ein løpsbil. – Ein 3-liters EVO-motor kostar gjerne 60 000 – 100 000 kroner, og då er det viktig at eg ikkje kjøper ein motor som er ihelkjørt før eg får tak i han, seier Paul. Derfor har han sett Harald «Hyen» Heggøy på jobben å få tak i ein motor som duger.

– Du må kjenna historia til motoren, og derfor er det viktig å snakka med fleire, slik at du er sikker på at seljaren snakkar sant, seier Paul. Motoren må av og til borast opp igjen for å få effekt, men det er begrensa kor mange gonger du kan gjera dette. – Etter tredje boringa kan du rett nok skifta stempelfjører, men motoren syng på siste verset då. Derfor må du kjenna historia til motoren, slik at du ikkje kastar vekk pengar, seier Ole Vidar Helland.

Motoren utgjer halve bilen når me snakkar om ein rallycrossbil, etter det me forstår. Den andre halvdelen er gir og kardang og oppbygginga for rallycross med buret, seier Ole Vidar. Skjermar og andre ytre ting er bagatellar i denne samnhengen. Dei støyper slikt sjølve på Rydland, dei har både former og polyester ståande. Rett nok er det mykje arbeid, men det kostar ikkje mykje pengar. Lakkering er og overkommeleg. Det gjer dei i den nye lakkeringsverkstaden på Rydland. Og denne jobben må føraren gjera sjølv.

Før Paul kan stilla i første rallycrossløpet sitt til våren, må han gjennom eit kurs med klubben NMK Vikedal. Han får ikkje lisens før han har bestått ein test i innhaldet i Bilsportboka, med reglar, flagg osv. og ein praktisk prøve. Dette reknar Paul med skal gå greitt, slik at han står på startstreken i det første løpet, i byrjinga av april. Då gjeld det ikkje først og fremst å vinna, men å slå kollega Håvard Helland!