No vil du kunne få reparert det meste i underetasjen hos Varehuset Rydland. Reparatør er Hans Engel Ivarsøy.

Det er Odd Larsen AS, som følgje av auka aktivitet, har flytta verkstadsfunksjonen over til Rydlandbygget.

-Me vonar på denne måten å gje kundane våre eit endå betre servicetilbod. Her er det romlege og lyse lokaler som er lagt til rette for reparasjonar. Me tilbyd òg vinterlagring av påhengsmotorar, opplyser Vidar Larsen til Fitjarposten.

Hans på verkstaden har opparbeidd ein unik ekspertise på reparasjonar av ymse tekniske innretningar. Blant anna: Syklar, plenklypparar, påhengsmotorar, elektrisk verktøy og motorsager.

Opningstider for verkstaden er: tysdag og onsdag kl. 08.00 – 16.00