Mariann Vestbøstad slo sin eigen verdsrekord på 100m medley, og står no med tida  1.28.31. Det skjedde under Nordsjø-stemnet i Stavanger i helga, der det stilte deltakarar frå fem land.

Til saman tok Mariann fire gull og to sølv under stemnet. I tillegg til 100m medley der ho fekk verdsrekord, fekk ho òg gull på 50 m rygg (39,93), 50 m butterfly (37,71) og 100 m rygg (1.21.62). Sølvmedaljene kom på 50 m fri (35.01) og 100m fri (1.16.22). Vi gratulerer!

Om to veker reiser Mariann til Sør Afrika der VM startar i byrjinga av desember.