Onar Westerheim har vore i Stavanger i helga og sett ny verdsrekord på skeiser samanlagt.

Det ser ut til at Onar Westerheim har lukkast over måte med sesongførebuingane, for han går frå siger til siger på skeisebanen i år. Under det 9. Masters for veteranar i Sørmarka Arena i Stavanger denne helga vann han fire strake løp i klassen sin, H65.

Dette er ikkje eit samanlagtstemne, men det er høve til å setja rekord samanlagt om ein går alle løpa. Og det var nettopp det Onar gjorde i dag. Den nye samanlagtrekorden i den store firkampen, 500 meter, 5000 meter, 1500 meter og 10 000 meter lyder på imponerande 186.732 poeng. Onar vann alle distansane med tidene 43,76, 8.03.52, 2.14,67 og 16.34,60. Tida på 10 000 meterer norsk rekord, og ikkje så veldig langt unna den personlege rekorden til Onar, som han oppnådde på rekordbanen i Salt Lake City.

Onar fortel at det gjekk over all forventning i helga, og at forholda i skeisehallen Sørmarka Arena i Stavanger var svært gode. No ventar Masters-stemnet i Berlin 8.-9. februar og VM i Inzell siste helga i februar. Etter den flotte innsatsen så langt i sesongen er det med visse forventningar Onar reiser utanlands for å konkurrera mot dei beste veteranane i verda.