No kan det verta offentleg veg til fjells! Flytting av bommen på Midtfjellvegen frå Rimbareid til Olstjødno.

 I arbeidet med Tiltaksplan for Fitjarfjellet er det ein viktig føresetnad at bommen vert flytta frå Rimbareid til Olstjødno,og at det vert rikeleg parkeringskapasitet der. Saka er ikkje berre enkel, sidan vegen er privat og berre Midtfjellet Vindkraft og grunneigarane har bruksrett.

No har det vore forhandlingar. Dei viktige elementa er at vegstrekkja må omregulerast til offentleg veg, og vegen må asfalterast og brøytast om vinteren.

Asfalteringa vil koma på 1,5 – 2 mill. Midtfjellet Vindkraft tar halvparten, resten vert delt likt mellom Fitjar Fjellsameige og Fitjar kommune. Kommunen tar kostnader med brøyting.

Harald Rydland, Krf, sa seg ugild i saka sidan han er leiar i Fitjar Fjellsameige. Johannes Nesse tok hans plass.

I debatten gav Sigurd Andre Maraas, Frp, uttrykk for skepsis til at kommunen skal ta på seg auka vedlikehald når ein ikkje greier å dekka eksisterande trong.

Torstein Grimen, H, gav ros til dei som hadde jobba med saka. Super sak! Dette vil gi auka livskvalitet og gi betre folkehelse til mange! Han refererte Lars Sponheim: ”Når vindparken no er komen, så må de opna opp området og gjera det tilgjengeleg for flest mogeleg!”

Saka vart samrøystes vedteken.

Ingressbilete: No vert fjellet endå meir tilgjengeleg! Foto: Harald Johan Sandvik.