Det er ei stund sidan friidrettsgruppa i Fitjar markerte seg utanfor bygda. Men no er dei i gang igjen. Best av alle var trenar Bård Inge Bøe som gjekk over imponerande 1.90 i høgde.

Friidrettgruppa har sjølv, ved Bøe, sendt oss dette referatet:

10 deltakarar frå Fitjar IL deltok på fredagens seriestemne på Stord.

I klasse jenter fødd 1994 freste Marianne Raunholm inn til beste tid på 60m for jenter med 9,44. Like bak kom Maria Rydland(9,97), Theresa Heggøy(10,03) og AIlin Korsvik(10,66). Av gutane i same årsklasse sprang Truls Fitjar og Simon Kongestøl Vik inn til høvesvis 10,23 og 10,35. Dette gav 2. og 3.plass.

På 200m vann Maria Rydland sitt heat på fine 34,72, tett følgd av Theresa Heggøy med 35,76. Ailin Korsvik sprang i eit anna heat og kom inn til tida 39,31.

I høgdesprang synte Anna Nøttveit med 1,10m og Turid Fitjar med 1,00m at dei var best og nestbest i årsklasse jenter fødd 1994. Anna heiv også spyd og oppnådde 16,81m (600g)

Vidare heiv Turid Fitjar sin 600g diskos 10,48m, Truls Fitjar 15,17m (750g) og Simon Kongestøl Vik 13,82m (750g)
Av trenarane viste Tom Rydland ryggen til eit heat med ungfolar. Han dansa inn til 8,69 på 60m. På 200m vart tida 28,76.

Bård Inge Bø vart ivrig i høgdesprang og krølla seg over 1,90m. I diskos hadde iveren lagt seg, resultat: 19,87m.