Foto: Maren Sofie Strømme

Torsdag 6. august er det klart for ny kunstutstilling på Fitjar sitt eige galleri.

Biletkunstnaren Maren Sofie Strømme opnar utstillinga si: «En ny vår» i Galleri Losjen i neste veke. Her vil ein få sjå vakre maleri og akrylcollage. Strømme har praktisert som biletkunster i over 35 år, og har hatt en rekke utstillingar, både her i Norge og på Island.

– Strømme bruker akryl-teknikk, med innslag av f.eks. fiskeskinn, og ho utdjupar tekstur, struktur og dybde i bileta sine, og bruker vågale kontrastar i eit abstrakt uttrykk, skriv Fitjar turistinformasjon.

Strømme lar seg inspirera av naturen, og særleg kystlandskapet. Ho fortel at ho hentar inspirasjon frå mange flotte turar i Fitjarøyane, og frå fleire opphald på Slåtterøy Fyr i Brandasund.

– Også turar til slekta på Island har gitt inntrykk som kjem fram i fleire av bileta; det fantastiske landskapet fullt av kontrastar, råskap, fargar og kraft. Dette har Maren Sofie prøvd å attskapa på lerretet, og resultatet er imponerande.

Utstillinga kan vitjast frå 6. til 16. august, og er open tysdag til søndag.

Kultursjef Bente Bjelland gler seg til å offisielt opna utstillinga den 6.august kl.17.00.