Handballdamene til Fitjar utklassa Gneist 2 med 35-17 i dagens heimekamp.

Søndagens kamp mot Gneist 2 blei aldri spennande. Gjestene heldt så noko lunde følgje til midten av første omgang, men så var det jamt slutt. Fitjardamene scora jamt og trutt, og kunne gå til pause med leiing 15-6.

Også i andre omgang heldt gjestene brukbart følgje i byrjinga. Men mot slutten kunne heimelaget sine spelarar gjera som dei ville, og sigeren blei heile 35-17. Toppscorar i den fairspelte kampen blei Ingvild Kannelønning med åtte mål.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes)

Kristine Korsvik
Solveig Fitjar
Miriam Almås (5)
Randi Thorland (4)
Marita Westerlund (3)
Ingvild Rimmereid (4)
Ingvild Kannelønning (8)
Maj R. Engevik (1)
Martha Pedersen 
Cathrine Haga (4)
Maria Haga (6)
Maria Larsen
June Åkra 

Etter dagens kamp ligg damene midt på 5.-divisjonstabellen med sine 7 poeng. I januar skal dei møta Åsane 2 og Kjøkkelvik 3 på bortebane i Bergen, før me ser dei att på heimebane mot Lyngbø søndag 5. februar kl. 17.45.

Resultat og terminliste kan du lesa her: