Tysdag 15. februar klokka 19.00 vert det nytt treff om utdanning og yrkesval i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Fitjar Næringsråd og Rimbareid skule står saman om arrangementet som kan kallast ei mini-utdanningsmesse.

– Liknande arrangement har vorte halde to gonger før, og har vorte godt motteke. Elevane i 9. og 10. klasse vert invitert saman med foreldra. Vidaregåande skular og ein del lokale verksemder er og inviterte og vil vera med, fortel ordførar og styremedlem i Fitjar Næringsråd, Harald Rydland i ei pressemelding om saka.

– Programmet for kvelden er delt i to, der det først vert felles program i kultursalen. Her vil direktør Lars Eide frå Aker Stord snakka med ungdommane om tema rundt utdanning og yrkesval. Elles vil det verta eit par innlegg frå nokon som vil snakka om yrket sitt. Det er og sett av plass til litt kulturelle innslag.

Andre delen av programmet er sett av til matøkt og myldring der elevar og foreldre kan få snakka med representantar for vidaregåande skular og lokale verksemder.

Målet med arrangementet er at flest muleg av ungdommane vil flytta heim til Fitjar og få seg arbeid i nærområdet etter å ha teke utdanning, skriv Rydland vidare i pressemeldinga.