Kl. 09.38 i dag fekk politiet melding om ny bilulukke på E39. Denne gongen på Grov, altså berre nokre kilometer i frå Jektevik. Ein mann måtte skjærast  laus, og vart frakta til Fylkessjukehuset på Stord med brotskader i ein arm. -Ulukka skjedde då ein bil prøvde seg på forbikøyring, såg at det kom ein annan bil imot og prøvde å pressa seg inn igjen. Det klarte han ikkje heilt. Han var borti bilen han prøvde å køyre forbi, mista kontrollen over bilen sin, og havna i grøfta. Mannen sat i klemme og måtte som nemnd skjærast laus, men slapp i frå det med klemskader og ein broten arm. Førarkortet til  forbikøyraren vart inndrege, opplyser operasjonsleiar Harald Aase i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.