Altobox-kundar i Fitjar og omegn har  fått ny TV-portal.

– Den nye tv-portalen fra Altibox har fått eit moderne og ryddig design, er blitt enda enklare i bruk og har fått ny funksjonalitet. Portalen er utvikla i lag med kundar samann med kundar, heiter det i ei prssemelding frå Fitjar Kraftlag.

– Kundetilfredsheit betyr mye for oss i Fitjar Kraftlag. Vi er stolte av å kunne tilby en ny TV-portal som er tilpassa kundane sine brukarvanar og høge krav samstundes som ein kjenner igjen ting frå den gamle TV-portalen og er enkel i bruk, seier Håvard Singelstad i Fitjar Kraftlag.

Nytt grensesnitt
I den nye TV-portalen kan kundane ved hjelp av store ikon enkelt manøvrere mellom tenester som ny tv-guide, filmleige, programopptak, eigendefinerte favorittkanalar, radiokanalar, akvarium og peis.

Tenester som har vore lite brukt er tatt bort. Under kanalbyte visast logoar i staden for kanalnamn i mini-programguiden, som er plassert nedst i TV-bildet. Den nye portalen legg seg alltid fremst i TV-bildet, og lar dermed kunden bla i menyane utan å gå glipp av det som skjer på TV. Det er også blitt enklare å bestille og endre tv- og internett-tenester ved hjelp av fjernkontrollen.

Klargjer neste generasjons TV
Det er allereie nå muleg å starte opptak på dekodar ved hjelp av appen Altibox TV Overalt. Snart kan kundane òg velje om dei vil leige film via dekoder eller via telefon og nettbrett, og fleire nyheiter vert lansert i 2015.

I løpet av neste år vil kundane òg kunne sjå programopptaka sine frå den eininga dei ønsker. Då vil Haugaland Kraft begynne utrullinga av neste generasjons dekodarar og PVR-dekodarar fra Altibox med ei rekkje nye funksjonar. – TV-kundane våre går spennande år i møte. TV og internett vil bli eitt, seier Singelstad.

Altibox radio