På Vestbøstad har Friluftsrådet Vest lagt ut ein flunkande ny trebåt til utlån for ålmenta.

Båten ligg ved kai på Lambatøkje. For å finna fram dit kjører du gjennom byggjefeltet på nedsida av vegen på Vestbøstad. Du kjører Nordresjøvegen heilt til endes, til du kjem ned til sjøen. Der ligg båten, ein flunkande ny strandebarmar. Denne båttypen er karakteristisk for færingar på 1900-talet. Båten kan leigast for ein eller fleire dagar, og kostar kr 100 for dagen. Den blir administrert av Hans Engel Ivarsøy, tlf. 95871570.  

Båten er ein del av Kystleia i Nord-Rogaland og Hordaland, og er med på den nasjonale kystleisatsinga i Noreg. Målet med dette prosjektet er å formidla kystkultur og gi informasjon om natur og friluftsliv. Ideen er henta frå tidlegare tiders «åreskifte». Ved lengre reiser måtte den reisande skifta både rorkar og båt, noko som gjerne blei gjort på eit gjestgiveri, der dei reisande kunne kvila ut eller venta på god bør. Friluftsrådet Vest har òg kystleibåtar på Lindøy i Karmøy kommune og på Bjoa i Vindafjord kommune.

Meir om Kystleden kan du lesa på www.kystled.no eller www.friluftsradetvest.no