– Ein trailer med hengjar har køyrt av vegen ved Vistvik. Dette er i same området der det har vore fleire trafikkulykker før.

I følgje politiet er føreren av traileren, ei kvinne på 23 år, lettare skadd og køyrt til Stord sjukehus.

– Årsaka til uhellet er ikkje kjent. Sidan vogntoget har stoppa utanfor vegen, er det ikkje problem med trafikken på staden. Det er enno ikkje kjend når ein vil prøve å få vogntoget på vegen att, melder operasjonsleiar Trond Friberg.