Kommunestyret vedtok i går å byggja ny tilførsleveg til Rimbareid skule. Den nye vegen vil koma rett over bakken mot bedehuset. Mellom vegen og kyrkjegarden er det plass til ei ny utviding av kyrkjegarden som er like stor som siste utviding. Foto: Harald Johan Sandvik

Då det vart laga reguleringsplan for den nye kyrkjegarden for nokre år sidan, vart samtidig ny veg til skulen lagt inn i planen. Vegen vil gå frå Sjøsbrekko, ved skulen, og over til bedehuset.

Når denne vegen er ferdig, kan Sjøsbrekko stengjast for biltrafikk, og skuleborna får ein tryggare kvardag. 

Etter tilbodsrunde har Vassbakk & Stol den rimelegaste prisen, som etter justeringar er fastsett til kr. 325.000. 

Saka vart samrøystes vedteken i kommunestyret i går.