Kommunen og Fellesrådet har utarbeidd ny samarbeidsavtale. Bilete: Kyrkjeverje Harald Rydland. Foto: Harald Johan Sandvik

Kommunen pliktar etter kyrkjelova å finansiera drift av kyrkjekontor, kyrkje og kyrkjegard.I Fitjar er kyrkjekontoret på Rådhuset.

Avtalen som var handsama i dag, går på tenestene Fellesrådet mottar på Rådhuset. Den gamle avtalen var signert i 2002 og reforhandla i 2004. Både prisar og omfang er oppdatert etter situasjonen i dag, og omfattar husleige, rekneskap og lønskøyring, kontorutgifter, IKT-tenester, kundetorg med meir. Satsane skal som tidlegare indeksregulerast kvart år.

Avtalesummen og tilskot til Fellesrådet vert begge auka med like summar, slik at kyrkja si netto drift vert den same som før.

Kommunestyret godkjende samrøystes avtalen.