Førstkomande torsdag vert det på ny temakveld i Fitjar kyrkje. Denne gongen med besøk av prest Eldbjørg Andreassen som har satt «Jeg bærer min hatt som jeg vil» som overskrift på sitt kåseri.

 

Eldbjørg ynskjer med dette setja mot i medsøstrene sine. Ho vil først og fremst gjera det ved å peika på den krafta og dei moglegheitene dei har sjølv, samstundes som trua ligg over, under og rundt dei, seier Eli Simonsen i arrangørkomiteen i ein e-post til Fitjarposten.

Prest Eldbjørg Andreassen er utdanna lærar, ho har jobba som opplæringsleiar i sjukehus og kommune og ho har hatt eit eige firma i 15 år der ho har jobba med presentasjonsteknikk, motivasjon, verdistyring og kommunikasjon m.m. I 2002 vart ho ordinert til prest og er no prest i Norheim menighet og i Helse Fonna.

Eli Simonsen og dei andre i arrangørkomiteen ynskjer velkomen til ein spennande og engasjert kveld i kyrkja torsdag 27. januar kl. 19.30, og minner med det same om dei andre temakveldane som kjem utover våren:

24. februar: Jazzmesse/Sjømannsmisjonen
31. mars: Israelsmisjonen ved Rolf Heitmann
14. april: Påskekonsert