Wärtsilä lanserer neste generasjon Medium Voltage Power Drive-teknologi for elektrisk drivne skip og olje- og gassløysingar.

– Denne unike mellomspentteknologien styrker ytterlegare selskapets tilbod av totalløysingar til skipsindustrien. Han gjev òg kundane auka effektivitet og reduserte driftskostnader, heiter det i ei pressemelding frå Wärtsilä Norway AS.

– Den nye teknologien gjer det vidare muleg å levere elektro- og automasjonssystem til store fartøy og offshoreinstallasjonar med elektriske fremdriftssystem. Til dømes: boreriggar, tankskip, store passasjer- og cruiseskip og diverse offshore servicefartøy – samt til kompressorar og pumper for olje- og gassindustrien.

Medium Voltage Power Drive er eit tillegg til dei lågspente omformarsystema Wärtsilä har levert sidan 2005, heiter det vidare i pressemeldinga.