Også i år starta skuleferien for mange ungar i Fitjar med TINE Fotballskole på grasbanen i Fitjar Idrettspark.

I år var 8. gongen fotballgruppa til Fitjar Idrettslag inviterte til fotballskule saman med TINE. Også denne gongen blei skulen fullteikna; 104 deltakarar var akkurat passeleg, når det var plass til 100.


Også i år var Roy Inge Stegane sportsleg ansvarleg. Fotballeiar Sonja Fitjar Waage, Ann-Kristin Larsen og fleire foreldre var med og sørgde for at dei unge fotballspelarane fekk drikke og frukt kvar dag. Drikka var betalt av TINE og frukta delvis sponsa av Bama. I tillegg fekk deltakarane utdelt fotball, T-skjorter og diplom.


Fotballgruppa seier seg svært fornøgd med avviklinga. Sonja Fitjar Waage takkar Roy Inge Stegane og foreldra som har vore med og hjelpt til. Og ikkje minst er ho full av lovord over innsatsen til dei unge instruktørane. Også i år gjorde dei ein kjempeinnsats.