Den kalde nordavinden på laurdag klarte ikkje å øydeleggja Spar Fitjar Cup i helga.

Finteljinga viser at til saman 588 spelarar – fordelt på 76 lag – deltok i turneringa på laurdag og søndag. Desse kom frå Trott, Stord, Solid, Austevoll, Selbjørn, Moster og Fitjar. 47 lag deltok i klassane 9 – 10 år på laurdagen, søndag 29 lag i klassane 7 – 8 år. Fitjar hadde totalt 13 lag med. På to dagar blei det avvikla 118 kampar utan ein einaste skade.

Hadde ikkje nordavinden teke så hardt i på laurdagen, hadde no endå fleire søsken, foreldre og andre kjente dukka opp. Men omsetninga i dei to kioskane såg ut til å vera bra. Og på søndagen var det ingen ting å seia verken på veret eller noko anna. Foreldre stilte som vanleg villig opp på dugnad i kiosksalet, og folk fekk det dei hadde bruk for av pølser, brus, is og heimebakte kaker. Kiosksalet gav naturleg nok sårt tiltrengte pengar i kassen til fotballgruppa, som håper å komma ut av turneringa med eit pent overskot.

Mai Britt Sandtorv i fotballgruppa fortel at arrangementet blei avvikla utan noko rusk i maskineriet. Alle kampane blei avvikla etter tidsskjemaet. Også denne gongen er det grunn til å rosa dei unge dommarane på 13, 14 og 15 år. Dei yngste har blitt kursa av Roald M. Nilsen i år, og dømte sin aller første kamp under denne turneringa.