Osternes Mannskor har vore på turné til Bygdetunet i Langevåg med kabareten «De` mann før eit kast». Resultatet var stinn brakke og stormande jubel.

– Koret var invitert av Langevåg og Lykling sokneråd, og framsyninga var utseld fleire timar før det heile starta. Det møtte likevel opp ein god del som ikkje hadde billettar, i håp om å få kjøpt billettar ved inngangen, mellom anna folk heilt ifrå Brandasund. Arrangørane syntest det var for gale å senda dei skuffa heim att, og det vart sett inn fleire stolar, fortel ein stornøgd leiar i koret, Karvel Strømme, til fitjarposten.no.

Stemninga i Bygdatunet, som er mindre enn kultursalen i Fitjar, vart svært god og tett. Kor og publikum kunne praktisk tala «ta på kvarandre», vert det fortalt.

Framsyninga glei elles lett og fint. Etter tre framføringar er kor, orkester og solistar svært godt drilla.

Det seier òg litt om stemninga at formannen i sin takketale etter konserten sa : «No har me starta på verdsturnéen og ventar berre på fleire invitasjonar.»

Velfortent ros går til koret med dirigent Ole Christian Ottestad, Svein Tørnquist og orkesteret, hovmeister, opplesarar, solistar og med-koristar. Me er spente på fortsetjinga.