Denne helga har det vore eit yrande liv i Fitjar kultur- og idrettsbygg med HaFo cup for alle Fitjar-elevar frå 6. til 10. klasse.

Dette var andre gongen handballgruppa i Fitjar IL inviterte til HaFo Cup, ei turnering der ein spelar fotball i ein omgang, og deretter ein omgang med handball.

Fredag kveld var ungdomsskuleelevane i elden. Det var meldt på sju lag frå 8. til 10. klasse, og det var stor spenning i hallen då kampane kom i gang. Fleire hadde spelt både handball og fotball tidlegare, medan enkelte andre meir uerfarne.  Men iveren var stor blant spelarane, og det var imponerande å sjå kor flinke dei var trass i at dette var nytt for mange. Det blei klasse 9A som stakk av med sigeren i ungdomsskuleklassen. Etter scoringar av Marcus Opshaug og Arild F. Træet i første omgang hadde dei full kontroll på finalemotstandar «Asian & Co» frå 10.-klasse, og vann ein klar siger i finalen.

Laurdag var fem lag frå 6. og 7. klasse påmelde. Femteklassingane glimra med sitt fråvær, for dei var opptekne med Spar Haga Cup på Stord. Etter dei innleiande kampane hadde to lag frå klasse 7A på Rimbareid kvalifisert seg for finalen. To tidlege scoringar av Jonas Midtsæter og Thea Træet avgjorde den velspelte og prestisjefylte finalen. Laget deira auka leiinga utover i kampen, og kunne til slutt ta imot T-skjorter av Charlotte A. Solberg, som prov på at dei var årets HaFo-vinnarar i Fitjar.

Ute i foajeen var det kiosk, og mange nytta høvet til å kjøpa pølse, kake, vaflar og pizzasnurrar, noko som gav ei god inntekt til handballen si klubbkasse.

Laurdagen blei avslutta med diskotek. Første del av kvelden for dei mellom 5. og 7. klasse, og deretter for ungdomsskulen. Det var rundt 50 på det første diskoteket, og litt færre på det siste. Ikkje alle hadde brukt opp energien sin på ballspel, og hadde framleis mykje å gi, både på dansegolvet og i fullt firsprang ut og inn i huset. Men det gjekk fint for seg, og det var lett å vera vakt i hallen om kvelden.

Eldsjel Charlotte Solberg og handballstyret, med Kari Raunholm i spissen, er svært nøgde med helga. Det som gler mest er at så mange deltok, og at mange denne helga har fått augo opp for at handball er ein fin idrett.

Handballeiar Kari Raunholm oppfordrar og foreldre og andre til å koma i hallen og heia på Fitjar-laga når serien kjem i gang.

Ingressbilete: Jublande 7.-klassingar når sigeren er eit faktum.