Foto: Ingrid Hovstad/Fitjar folkebibliotek

Fitjar folkebibliotek gjentar vårens suksess, og inviter igjen til strikking lytting på biblioteket.

Biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen har gleda av å invitera til «Strikk & lytt» heile fire tysdagskveldar i haust.

– Flinke Jorunn Hernes er tilbake med si rolege røyst, og les nok ein gong til oss frå ulike bøker. Det vert ogso tid til boktips frå meg, og den gode drøsen, fortel V. Torbjørnsen.

Datoane for hausten vert 25.aug, 13.okt, 10.nov og 8.des.

– Me tek omsyn til smittevern og har difor ei maks grense på 15 deltakarar. Om du vil vera med, må du senda ein lyd til biblioteket@fitjar.kommune.no eller ring 534 58513, eller på messenger til Fitjarbibliotek.

– Ta med strikketøyet og få ei leseoppleving hos oss, avsluttar biblioteksjefen.