Med siffera 29-18 vant Fitjar-damene overlegent over Askøy 2 tysdag kveld.

Damene har etter kvart fått dreis på spelet sitt, og hadde ingen problem med eit litt tynt besett toarlag frå Askøy tysdag kveld. Gjestene heldt bra følgje i eit kvarter av første omgang, til stillinga 6-6. Men derfrå og inn blei det mykje Fitjar. Mot slutten av første omgang skaffa dei seg eit forsprang som Askøy aldri klarte å innhenta. 16-10 ved pause var vel fortent etter ei god avslutning av omgangen.

I andre omgang heldt Fitjar-jentene fram der dei slapp i første. Dei fall aldri for freistinga til å sleppa seg nedpå, og heldt trykket brukbart oppe heile kampen. Dermed kunne dei innkassera ein velfortent storsiger 29-18. Toppscorar for Fitjar blei Ingvild Kannelønning, som etter kvart som det blei betre plass i Askøy-forsvaret, fekk distanseskota sine til å sitja perfekt.

Fitjar sitt lag og scoringar:
Kristine Korsvik (keeper)
Solveig Fitjar (keeper)
Charlotte Solberg 4
Miriam Almås 2
Randi Thorland 6
Marita Nysæther
Ingvild Kannelønning 8
Lillian Djuvsland 1
Kristin T Dahl 2
Ingvild Rimmereid 6
Amalie Korsvik