Skjergard hadde lite å varta opp med i dagens kamp mot damene våre på kunstgraset.

KAMPREFERAT: Fitjardamene knuste Skjergard på kunstgraset i solsteiken søndag ettermiddag. Birte Steinsland var frampå allereie etter eit minutt og sendte vertane i ledelsen. Fitjar fortsatte å kjøra over Skjergard, og når Birte Steinsland laga sitt tredje og laget sitt fjerde etter 17 spelte minutt var kampen allereie avgjort.

Fitjardamene skal likevel ha ros for at dei klarte å halda innsatsen oppe gjennom store delar av kampen, til tross for svak motstand denne gongen. Fleire av måla kom etter godt spel der ballen gjekk på få «touch» bak frå forsvaret, opp på midten og ut på kant og avslutning på direkten.

Skjergard-laget hadde store problem med å takla dei stygge siffera, og kampens dommar, Geir Tore Søreide, måtte etter muntlige advarslar kampen igjennom heilt korrekt fram med det røde kortet til ein Skjergard-spelar før sluttsignalet gjekk.  Etter at kampen var over, fekk Skjergard sin keeper gult kort etter verbale og fysiske protestar.

Alt i alt ei flott gjennomføring av Fitjar, som allereie på fredag tar imot Telavåg til ny heimekamp.