Fitjar hadde ingen problem med toarlaget til Norges Handelshøyskole fredag kveld, og gav seg ikkje før det stod 6-0.

Allereie etter fem minutt låg ballen i gjesteburet. Thomas Vestbøstad Waage blei spelt fint fri på venstrevingen og kunna ha prøvd sjølv. Men i staden spelte han ballen fint inn i midten. Der kom Mats Brakedal stormande og slo ballen på direkten frå åtte meters hald, rett i nettaket før NHH-keeperen fekk sukk for seg. Mål nummer to kom berre tre minutt seinare. Nemnde Thomas V. Waage fekk ei fin pasning frå høgrevingen. Frå femmeteren skaut han direkte i mål, også dette heilt utakbart for keeper.

Med to mål så tidleg hadde Fitjar sett standarden for kampen, og me såg for oss mange mål. Men første omgang ebba faktisk ut med 2-0, etter at Fitjar hadde hatt det meste av spel og målsjansar. Me noterte faktisk berre eitt skot på mål frå NHH2 si side, ved kaptein Steinar Bjørnsen etter 18 minutts spel, frå rundt 18 meter. Fitjar på si side hadde ei heading i stolpen og fleire andre pene tilbod. Dei fleste kom etter innlegg frå høgrekanten, der den offensive backen Leif André Tangen ofte var fint med fram i angrep.

Andre omgang heldt fram om lag som første, og etter 11 minutt blei kampen avgjort. NHH2-forsvaret pådrog seg straffespark då dei stoppa ein aggressiv Thomas V. Waage inne i feltet. Banens klart beste spelar, Øyvind Fykse Lie, sette ballen sikkert i mål. Denne scoringa blei faktisk innleiinga på den beste perioden i kampen for gjestene sin del. NHH2 gjekk rett frå avspark og kom til eit pent skot frå kort hald. Men keeper Oddgeir Træet var kjapt nede ved stolperota og henta ballen. Og berre eit par minutt seinare var Fitjar-forsvaret på gyngande grunn igjen, før keeper fekk redda eit nytt skot frå kort hald.
.
Heldigvis for Fitjar blei det med desse spede forsøka frå gjestene. Mot slutten overtok Fitjar fullstendig. Me noterte eit flott skot av Kjell André Thorland midt i omgangen, og etter halvtimen kom dagens flottaste mål. Jan Åge Tislevoll tok ballen med seg framover og smelte til frå rundt 16-meteren. Og rett i vinkelen! Eit lite kvarter før full tid fekk Fitjar igjen straffespark, etter ei stygg felling av Mats Brakedal. NHH2-forsvararen Simen Thorbjørnsrud var nok heldig som slapp med gult kort ved det høvet, det blinka i knottar frå begge skorne hans då han gjekk til i taklinga. På nytt blei Øyvind Fykse Lie sett til å ta straffe. Denne gongen redda NHH2-keeperen, Magnus Tjøstheim, men Øyvind var kjapt framme og sette returen sikkert i mål. Innbytar Øystein Fitjar Waage fekk æra av å fastsetja sluttresultatet til 6-0 med eit fint skot frå 16-meteren.

Alt i alt vann Fitjar ein svært fortent siger etter jamt godt spel av heile laget. Øyvind Fykse Lie imponerte med suveren kontroll på midtbanen heile kampen igjennom, og blei vel fortent utropt til dagens Fitjar-spelar. Men resten av laget skal ha ros for ein solid gjennomført kamp, i det suraste maivêret i manns minne.

Etter kveldens kamp toppar Fitjar tabellen i 5. divisjon med 10 poeng og suveren målforskjell.