Wärtsilä Ship Design på Fitjar er tildelt ein stor kontrakt på design av ein serie med fire multifunksjons supplyskip for Malaysiske Armada Offshore MPSV Limited.

– Fitjarfolk har vore med i heile prosessen, og fleire av folka våre har besøkt og hatt nær kontakt med oppdragsgjevaren i Singapore, fortel adm. direktør Ove Wilheilmsen i Wärtsilä Ship Design Norway.

I tillegg skal Wärtsilä også levere ein omfattande utstyrspakke til kvart av skipa. Denne omfattar hovudmaskineri, propulsjonssystem og elektro- og automasjonssystem. Wärtsilä i Noreg sin del av leveransen inkluderer alt av elektro- og automasjonsutstyr, og kontrakten vil slik generere mykje jobb til fabrikken vår i Grunnavågen og engineeringsmiljøet på Bleikjehaugen, heiter det i ei pressemelding.

Wärtsilä Ship Design er sterkt globalt tilstadeverande, med kontor i 10 land. I tråd med selskapet sin strategi, bringar Wärtsilä Ship Design sine globale operasjonar selskapet nærare kundane sine. Det gjeld både skipseigarar og verft. Selskapet sin designdugleik inneber at Wärtsilä kan kome i dialog med kundane på eit tidlegare stadium, noko som resulterer i meir konkurransedyktige løysingar.