Wärtsilä Ship Design på Fitjar har signert sin andre kontrakt på selskapet sin nye serie av arktiske forsyningsfartøy (PSV). No gjeld det ein multifunksjons-PSV som skal byggjast i Tyrkia.

Dei som skal stå for bygginga er Tersan Shipyard i Tyrkia på vegner av USA-baserte Tidewater Inc, ei av verdas leiande leverandørar av offshorefartøy. Fartøyet skal drivast av norske Troms Offshore Supply Group, som er eit heileigd dotterselskap av Tidewater. 

Kontrakten inneheld òg ein opsjon for yttarlegare tre liknande fartøy.
 
-Eit av nøkkelelementa i tildelinga av kontrakten var Tidewater sitt krav til ein kompakt design som samstundes gjev størst muleg lastekapasitet. Driftseffektivitet og redusert drivstofforbruk var andre grunner for at Wärtsilä si løysing blei valt, heiter det i ei pressemelding om saka.

 
–  Nok en gang har Wärtsilä Ship Design si djupe forståing for kompleksiteten i å operere i tøffe klima, samt selskapets evne til å møte kundens forventingar blitt løna med ein betydeleg ordre, seier ein svært nøgd Riku-Pekka Hägg, Vice President, Ship Design, Wärtsilä Ship Power.
 
 Ingressbilete/Illustrasjon: Wärtsilä