Fitjarposten har vore med og merkt ein ny sti til Tindaslottet, frå sørvest.

Den nye stien følgjer i store trekk stien som er merkt på kartet over Stord og Fitjar. Merkejobben blei gjort i regi av Stord Fitjar Turlag, og etter kvart vil dei trekvite merkepinnane bli raudmåla, og den velkjende T-en vil koma på plass på dei små vardane som blei sette opp. Det vil nok òg bli mura ein del nye vardar.

Bakgrunnen for gårsdagens jobb er at Johannes Nesse har fått tallause oppmodingar om å merkja ein rundtur via Tidaslottet. Derfor pakka me sekkene våre med merkepinnar og gjekk opp traktorvegen frå Vistvikjo oppover Hovlandsdalen. Der vegen sluttar, går det god sti vidare oppover dalen, den finaste stien på heile øyo! Ei lokal eldsjel har bygt ein flott sti av stein, slik at det er blitt lett å gå opp til Kvednavatnet og oppover lia mot Kjeringjo ved enden av Svartavatnet.

Nesten oppe ved Kjeringjo tok me til venstre og følgde merkt tursti mot Mehammarsåto og Stord. Eit stykke ovanfor Mosavatnet er det ifølgje kartet ein sti som går til venstre nordvest av høgaste Grønafjedlet i nordaustleg retning mot Tindaslottet. Denne stien er knapt synleg i dag, og dette området er lite i bruk som turterreng. Kanskje fordi det ikkje er nokon skikkeleg merkt sti her.

Det var denne jobben me tok på oss for turlaget ein særs vakker vårdag i byrjinga av denne veka. Traseen me valde går delvis slik som markert på kartet. Men enkelte stader valde me ein trase som me meiner er klart betre. Me kom over det mest idylliske turområdet du kan tenkja deg. Underlaget er lett å gå på, stein, grus og jord, og lite vegetasjon, etter som me er vel 500 meter over havet.

Stien er kanskje ørlite grann lengre enn den gamle, som ikkje er så lett å finna, men noko «snillare». Me klarte å unngå det ulendte terrenget, som det er mykje av i dette området. I staden glir stien langs idylliske småvatn som ligg lunt til, skjerma for nordavinden og dei fleste andre vindar. Traseen ligg og godt skjerma for vindmøllene i nordvest. Rett før me når fram til Tindaslottet, svingar me nokså langt aust, slik at me får ei flott utsikt over Tysnes og Langenuen.

Dermed har me laga ei fin rundløype for dei som synest det er for einsformig å gå opp og ned den blåmerkte stien til Tindaslottet. Men rundturen høver nok best for folk som har god tid, eller er i god form. Begge delar er kanskje ideelt. Rundt fem timar vil vel vera høveleg for mange, skulle ein tru. Stien er naturlegvis og eit godt alternativ for sprekingar som vil gå til Tindaslottet frå Rimbareid eller Dalshaugane. God tur!