Håkonarspelet er i rute, og fredag kan skuleborna, og laurdag alle oss andre, få oppleve spelet for første gong i den nye Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Litt forandring i musikken, nokre nye aktørar – og ein del ny regi. Håkonarspelet 2007 er i rute, og det er grunn til å tru at det blir eit spennande spel me får sjå denne gongen, etter at "Kongen med gullhjelmen" hadde ein pause i fjor.

Sist var det fleire slagscener enn nokonsinne, og det er ikkje mindre av dei i år.

Elles sit me med ein inntrykk av at spelet vil bli meir levande denne gongen !?.

Spesielt blir det òg å sjå korleis Silje og Jørund Fjøsne, som er far og dotter i det verkelege livet, vil framstå i tilsvarande roller i Håkonarspelet. Jørund som kong Håkon, og Silje som kongsdotter.

Likeeins blir det spennande å sjå kva dei nye aktørane kan tilføre spelet som har premiere laurdag kl 16.00