Ole Bergesen og revyensemblet hans arbeider for fullt denne helga med årets revy, «Fitjar Forever».

– Me er nokre seige skinn, seier revykollega Henning Wichmann når dei to veteranane legg ut om lange og strie øvingsdagar. Begge har vore med på 15 av revyane som har blitt arrangerte på Fitjar Fjordhotell dei siste 16 åra.

Dei to lovar gjensyn med gamle kjenningar som «Oskar» og Fitjarbuen» under årets sommarrevy, som har premiere om ein månad. Mykje gammalt og velkjent vil me få oppleva også i år, men det blir mykje nytt òg, seier produsent Ole Bergesen.

I år har han fått med ein gammal kjenning som medprodusent, nemleg «skapfitjarbuen» Øystein Kloster, som ikkje har vore med i Fitjarrevyen på 10 år. Songfuglen Ole André Westerehim var med i fjor, og får større oppgåver i år.

Heilt nye er Hanne Mellingen frå Åsane i Bergen og Jan Rune Holdhus frå Sandnes. Dei er høvesvis odelsjente og odelsgut på kvar sin kant. – Men no er det så dårlege tider at dei må ta all slags strøjobbar, alt dei kjem over! seier Ole Bergesen med eit glimt i auga.

Ingen av dei to har sett Fitjarrevyen, seier dei, men begge har bakgrunn som tilseier at Ole sikkert har ein tanke bak å hyra dei inn. Jan Rune Holdhus er nok den største stjerna i årets revy, med erfaring både som standup-komikar, songar og showartist. Han har bakgrunn frå musikk, dans og drama ved Lundehaugen videregående skole i Sandnes, men har ikkje formell utdanning ut over det.

– Seinare har eg vore så god at det har gått av seg sjølv! seier han ubeskjedent til Fitjarposten.

Den andre nykommaren, odelsjenta Hanne Mellingen frå Åsane i Bergen, er litt meir beskjeden. Ho har utdanning frå musikkteaterlinja ved Baardar-akademiet i Oslo. Ho har drive som frilanskunstnar i Bergen, og i fjor var ho med på framsyninga «Jul i Blåfjell» med Bergen Musikkteater.

– Begge dei to nye vil vera med og styrkja den musikalske delen av revyen, seier Ole Bergesen. Dessutan er dei kjekke folk, og me gler oss veldig til å jobba med dei, seier han.

Som kjent er både Ole André Westerheim og Øystein Kloster dyktige songarar. Dette gjer at ein kan satsa ekstra sterkt på allsongen i år, og til saman vil årets ensemble bli veldig godt førebudd på den musikalske sida. Me legg meir vekt på allsongen i år, seier Ole Bergesen. Han nyttar òg høvet til å gi nokre rosande ord til kapellmeister Svein Ragnar Myklebust.

Til årets revy har Ole Bergesen og Øystein Kloster skrive ein heilt ny song, tonesett av Svein Ragnar Myklebust. Den er ein hyllest til Fitjar-bygda, men sjølvsagt ikkje utan ironi.

Som vanleg blir det mykje sjølvlaga galskap, i eit breitt og variert program, lovar Ole Bergesen. Publikum vil møta både lokale og interkommunale parodiar, som folk lett vil kjenna igjen. Det vil og bli møte med meir prominente gjester. Så vidt me forstår, kan me venta oss kongeleg besøk, i tilknyting til opning av den nye storkommunen Stor-Fitjar …

Ikkje alle får vera med i den nye storkommunen, men kven som ikkje får vera med, vil ikkje Ole Bergesen ut med. Så me får leva i spenning fram til premieren laurdag 30. mai.

 

Ingressbilete: Produsent Ole Bergesen med dei to nykommarane i Fitjarrevyen 2015, Hanne Mellingen og Jan Rune Holdhus. Foto: Kjetil Rydland.