Bjørgvin bispedømeråd gjorde i møte 14. mars vedtak om tilsetjing av sokneprest i Fitjar.

Den tilsette er Olav Johannes Oma som no er kapellan i Askvoll. Både han og kona er i frå Bergen. Presteparet har 5 born.

Oma har enno ikkje motteke tilsetjingsbrevet, men han har åtte dagar på seg før han må seia ja eller nei til stillinga.

Fungerande sokneprest i Fitjar i dag, Roald Drønen, har fått tilbod om ei anna stilling. Meir om det seinare.

- Annonse -