SNU søkjer studentar og andre utflytta fitjarbuarar som held til i Trondheim. 19. mars vert det såleis ny SNU-plass i Trondheim.

-Dette er tredje gongen SNU arrangerer SNU-plass i Trøndelag, og treffstaden har vore populær for folk som har røtene sine i Sunnhordland. Gjennom SNU-plassen ynskjer SNU å skapa gode ambassadørar for Sunnhordlandsregionen og synleggjera at det er spanande mulegheiter for dei som vil flytta heim igjen, opplyser Hege Økland til fitjarposten.no

Ho fortel vidare at programmet vil innehalde bedriftspresentasjonar, hyggjeleg samvære, nytt i frå heimkommunane, god mat og fin musikk ved Håkon Vatle og Bjørn Bunes.

-Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland og varaordførar i Fitjar, Gisle Levåg, vil ønskje velkomen og fortelje om siste nytt frå heimkommunen.  Kanskje treff ein kjensfolk som det er kjekt å møta igjen?  Arrangementet er gratis, seier Økland, til slutt.

SNU vil gjerne at ein tipsar kjensfolk som bur eller arbeider i Trondheim om SNU-plassen. Meir informasjon finn du på www.snu.as.