Inspirert av den høge snømannen på 3,30 m på Raunholm før jul, laga SFO-arane ved Rimbareid skule i dag  ei endå høgare utgåve.

Med litt hjelp frå dei vaksne enda SFO-snømannen på 3,47 m. Det er såleis uoffisiell fitjarrekord inntil nokon kan bevisa det motsette. Ikkje rart at dei små var stolte etterpå.