Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar har fått sitt 14 tilfelle i år.

Ordførar Harald Rydland kunne seint torsdagkveld melda om nytt smittetilfelle i Fitjar kommune.

– Smittesporing er utført og kjelda for smitten er kjent. Nærkontaktar er sett i karantene, opplyser Rydland.

– Kriseleiinga og smittevernlegen hadde tidlegare i dag møte, for å gå gjennom dei nye tiltaka med reglar og anbefalingar frå regjeringa. Me må i Fitjar no halda oss strengt til det som er gitt av nye reglar, avsluttar ordføraren. 

All informasjon er å finna i koronainformasjonen på kommunen si heimeside: https://www.fitjar.kommune.no/