Arkivfoto: Fitjarposten

Førstkomande måndag blir det ope møte om den nye skulebruksplanen i Fitjar kultur-og idrettsbygg, skriv Bente Bjelland i ei pressemeling.

Skulebruksplanen for Fitjar kommune 2019–2023 vart lagt ut på høyring etter møtet i utval for oppvekst og omsorg i juni. Høyringsfristen er sett til 17. september.

Rådmannen har i saksutgreiinga til politikarane kome med framlegg om å ha éin barne- og ungdomsskule i Fitjar, og å leggja ned begge grendaskulane.

Administrasjonen meiner det er naudsynt med strukturendring for å nå kommunestyret sine vedtekne økonomiske mål.

For å sikra ein god prosess i det vidare arbeidet med planen vert det invitert til eit ope møte om høyringsutkastet måndag 3. september kl. 19.00 i kultur- og idrettsbygget.

Her vil ein få innsyn i dei økonomiske utfordringane i økonomiplanperioden. Det vert ein gjennomgang av høyringsutkastet. Det vert høve til å stilla spørsmål og koma med innspel.

Sjå lenkje:  http://www.fitjar.kommune.no/sitefiles/21/oppvekst2018/Hoyringsutkastskulebruksplan2019-2023.pdf