Førstkomande søndag er det klart for den store styrkeprøven 7-fjellsturen i Fitjar.

Det er Vidar Larsen i arrangementskomiteen som melder dette til Fitjarposten.

Turen i år vil følgja den same traseen som Sjufjellsturen 2013, men vil gå i motsett retning.

Det tyder at første toppen blir Kidno, og siste toppen blir Melen. Dei andre toppane som skal nåast er Tindaslottet, Grønafjedlet, Litlasåto, Kongsskogbrunene og Klovskar.

Det blir frammøte på Dalshaugane søndag morgon klokka 08.00 presis.

Vidar Larsen minner om at dette er ein uorganisert tur, der den enkelte tar ansvar for eigen tryggleik. Det er mogleg å hoppa av undervegs og gå heim før du har nådd alle dei sju toppane.

Dette er ein tung tur som høver best for folk som er i bra fysisk form. Traseen er 23,9 km lang, og har ei stigning på over 1000 høgdemeter. Nærmare detaljar kan du studera på nettstaden lommekjent.no.

Dersom du føler deg i form til denne styrkeprøven, så ta sjumilsstøvlane på og møt opp på Dalshaugane søndag morgon.

             

buy anabolic steroids