Fotballgruppa minner om ein ny og viktig fotballkamp på kunstgraset søndag ettermiddag, mot botnlaget Baune 2.

Trenar Stein Gunnar Halleråker fortel til fitjarposten.no at han ser fram til søndagens kamp med ei visss forventning. Etter ein litt laber periode utan scoringar, håper han det skal losna igjen mot botnlaget frå Bergen. A-laget har ikkje scora eitt einaste mål i serien sidan 15. april, så det er på tide å kjenna lukta av mål igjen. 

– Kampen på søndag er viktig – med tre poeng heime mot Baune er me med igjen for fullt, seier ein engasjert A-lagstrenar til fitjarposten.no. 

www.fotball.no kan me lesa at Fitjar ligg eit stykke nede på tabellen i 5. divisjon før søndagens kamp.