Ny rallycross-siger til Paul Vik!  Denne gongen i Bergen. Det kan me lese på Fitjar Racing Team si facebookside som me òg har henta biletet ifrå.

Her vert det vidare fortalt at Håvard Dalen vann C-finale og kvalifiserte seg til B-finale!

I B-finalen vart han pressa i autovernet og fekk øydelagt sjansane sine vidare.

-Alt i alt spennande og bra køyring, skriv Arild Vik.