Handballdamene til Fitjar IL vann 5.-divisjonskampen mot Bjarg søndag kveld med 29-25, etter å ha lege under med eitt mål ved pause.

Heimelaget kom best i gang og leia store delar av første omgang. Men så gjekk dei seg litt fast, og motstandarane Bjarg tok etter kvart over. Dermed kunne gjestene gå til pause med leiing 12-11. Ei av suksessoppskriftene til gjestene var nok å hindra toppscorar Cathrine Haga i å få dominera, slik ho gjorde i sist heimekamp, då ho scora heile 19 mål.

Men med Fitjarposten på plass på sidelinja i 2. omgang losna det for heimelaget. Etter eit par minutt av omgangen var dei a jour, og derfrå og inn hadde dei eit lite, men klart overtak på gjestene sine.
Leiinga varierte mellom to og fem mål, og til slutt kunne dei innkassera ein fortent siger 29-25.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Kristine Korsvik (keeper)
Miriam Almås
Randi Thorland (3)
Maria Larsen (5)
Gunnhild Jonassen
Marita Westerlund (2)
Ingvild Rimmereid (5)
Kristin T. Dahl (5)
Cathrine Haga (5)
Ingvild Kannelønning (4)

Dommararane Johannes Sæhle og Håkon Tverborgvik hadde som vanleg god kontroll på kampen.