Etter ein god andre omgang vann gutane heimekampen mot Sandviken i dag.

Det blei grisebank mot Stord 2 med 6-21 førre helg, men i dag var 14-åringane til Fitjar tilbake på vinnarsporet. Gjestene frå Sandviken heldt godt følgje i første omgang, og leia knapt ved pause.

Men i andre omgang tok Fitjar-gutane over, og gjestene slapp nesten ikkje til. Keeper Marius Strand stengte målet, og utespelarane, med Jonathan Tranøy i spissen, scora det eine målet etter det andre. Dermed kunne glade Fitjar-gutar gå av banen med to poeng og fortent siger 15-10.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Marius Strand (keeper), Andreas Nordbustad (1), Fredrik Vik, Jon Andreas Hopperstad, Morten Ivarsøy, Håkon Sørfonn, Jonathan Tranøy (6), Torstein R. Kjelling (4), Hafsteinnn Runarsson (2), Arild Fitjar Waage (2), Andreas Koløen.