Handballdamene til Fitjar har vore i Åsane i dag og vunne seriekampen mot Flaktveit 32-28. Flaktveit er eit lag som Fitjar ofte har hatt problem med å slå. Så seint som i haustkampen var det Flaktveit som trekte det lengste strået. Kampen i dag opna litt usikkert frå Fitjar si side. Fleire skot hamna i treverket, medan Flaktveit trefte med innspel til strek og skot frå ving og back. Det stod 4-0 til heimelaget før Ingvild Kannelønning prikka inn det fyrste langskotet.

Smått om senn knappa Fitjar inn på leiinga, og var oppe på uavgjort (10-10) etter 20 minutt. Laga fylgde einannan resten av omgangen, men Flaktevit gjekk til pause med leiing 14-13. Andre omgang begynte litt som fyrste med eit overtak til Flaktveit. Etter 10 minutt var Flaktveit igjen oppe i ei 4-målsleiing (20-16). Fitjar henta inn leiinga og gjekk forbi med 5 kjappe scoringar utan at Flaktveit klarte å svare.

Mot slutten av kampen fekk Fitjar nytte av å vera betre trent, og kunne notere fleire fine kontringsmål. Fitjar vinn kampen på betre kondisjon og meir vinnarvilje enn Flaktveit. Alle utespelarar scorar mål, og keeperane stod bra i kvar sin omgang. Best på Fitjar var kaptein og midtback Ingvild Kannelønning med 11 mål og solid forsvarsspel.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Solveig Fitjar (Keeper) Kristine Korsvik (keeper) Amalie Korsvik (2) Ingvild Kannelønning (11) Randi Thorland (6) Marit Thorland (2) Lillian Gjuvsland (3) Ingvild Rimmereid (6) Maria Larsen (1) Marita Nysæther (1).