I ein tøff og tett kamp på søndag slo Fitjar Frøya 5-4. Referat frå Britt Lise Volden:

Søndag reiste Fitjar Damelag til Laksevåg for å spela kamp mot Frøya. Me visste det ville bli ein tøff kamp, for me sleit mot dei på heima bane på våren.

Men me starta alikavell heilt elendig, dei fekk kjapt eit mål, og me var heilt "parkert". Alt spel føregjekk i midten, me klarte ikkje å komma ut på kantane, da var rett og slett tragisk over heila laget…..

Frøya gjekk ganske snart opp i 1-0 ledelse og fekk 3 mål til før pause, stillinga var 4-0 til Frøya då dommaren bles til pause.

2. omgang starta me kjempe bra, veit ikkje heilt kva som var skjedd, men da var ivertfall eit nytt lag på banen., heldigvis:-) Me fekk kjapt eit mål og da gav meirsmak. Me var mykje flinkare til å bruka kantane og da resulterte i at det blei større rom foran målet og då er me best. Ei lita stund etter første målet vårt øydelagde Anne Helene seg og for med sykebil til legevakt, trudde det var brudd i ankelen. (men da var da heldigvis ikkje) og då spurde spelarane på Frøya om me skulle avslutta kampen, men me ville forsetta kampen! Heldigvis gjorde me da, for når detta skjedde me Anne Helene var da nett så me fekk ekstra mykje "guff". Me overtok kampen og ca. 5 min før slutt sto kampen 4-4, men i dag var det Fitjar sin tur til å dra da lengsta strået og me vann 5-4!!!

Det var ein seier som smakte.:-) kjempe god laginnsats. I andre omgang:-)

Me minner om at damelaget spelar heimekamp i Fitjar Idrettspark laurdag 8. September kl 15.00.